Velkommen til Kysthytter
Vi har også hytte til leie på fjellet– Strynehytta
Utleiehytter ved sjøen i Herøy. To hytter på 60m2 med plass til fire personer i kvar hytte. Uteplass med grill der du kan nyte utsikta og den vakre solnedgangen på Sunnmørskysten.
Med storhavet som nærmaste nabo, midt mellom Fosnavåg og Runde ligg Herøy kystcamp og Kysthytter. Eit glimrande utgangspunkt for shopping og kafebesøk i Fosnavåg. Kanskje du vil ta familien med på besøk til Sunnmørsbadet? Lokkar det med ein fisketur ute på havet eller kanskje fuglesafari på Rundefjellet? Moglegheitene er mange i vakre Herøy, og vel verdt eit besøk.